– Det er ikkje akseptabelt at Volda turn- og idrettslag skal tape 900.000 kroner på bygginga av Mørehallen.

Det seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge.

– Det er sterkt kritikkverdig at regjeringa ikkje vil stille med dei pengane som skal til for å dekkje momskompensasjonen til idrettsanlegg landet rundt, seier ho, og viser til svaret kulturminister Widvey har gjeve om at regjeringa ikkje vil vurdere ordninga på nytt.

Klinge fortel at Senterpartiet vil gjere framlegg om ei tilleggsløyving i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2014. Dette vil løyse problemet for Volda turn- og idrettslag og for veldig mange andre idrettslag i heile landet.

– Eg forventar at vi får stortingsfleirtalet med oss på dette framlegget. Momskompensasjonsordninga for idrettsanlegg vi talar om her, var det den raud-grøne regjeringa som innførte. Ordninga har verka stimulerande for å få på plass nye og betre anlegg. Det er avgjerande at idrettslaga kan kjenne seg trygge på dei ordningane som finst. Vi politikarar må vere føreseielege, og dette som har skjedd no har vore alt anna enn det. Pengane må rett og slett på plass.