Mannskapet på bilferja «Folkestad» har varsla Statens vegvesen om at stålplata mellom ferjebrua og land på Volda ferjekai er dårleg tilpassa. Når lastebilar køyrer på og av ferja, vippar stålplata opp på den delen av plata som blir brukt til gangveg for passasjerar.

– Dette fører til mykje støy og kan i verste fall føre til personskade dersom nokon skulle vere så uheldig og få fingrar eller føter under plata medan lastebilar køyrer på eller av ferja, heiter det i ein e-post.

Oskar Einarsson i Statens vegvesen skriv i ein e-post til Møre-Nytt at det oppstod ein høgdeforskjell i samband med ombygginga av betongplata på kaia, som har pågått i haust. Entreprenøren er i gang med utbetring, men jule- og nyttårsferien kom i vegen for fullføringa. Arbeidet startar opp att 5. januar.