Onsdag morgon måtte isskrapa fram fleire stader i Ørsta då bilar skulle klargjerast for køyreturen til arbeid. Temperaturen gjekk under null, og den fyrste frostnatta var eit faktum.Ved den offisielle målestasjonen ved Ørsta - Volda lufthamn, Hovden, vart det kl. 08.00 målt minus 1,4 grader.

Det er meldt fleire tilsvarande netter framover, og tysdag gjekk Sunnmøre Polidistrikt ut og kom med informasjon om bruk av vinterdekk og piggdekk.

Skifte til vinterdekk?