Voldingen Øyvind Arne Høydal jobbar tett med nobelprisvinnarane i medisin.

– Det går framleis litt i bølgjer. Det er litt uverkeleg å tenke på at dei har fått tildelt prisen for arbeidet her ved laben, seier han glad.

Står på

Høydal er doktorgradsstipendiat ved NTNU i Trondheim, og jobbar på Moser-laben. Laben til ekteparet May-Britt og Edvard Moser som måndag vart dei første nordmennene i historia til å få nobelprisen i medisin. Ho frå Herøy, han frå Hareid.

– Dette er folk som jobbar hardt og står på nesten døgnet rundt, og dei har gjort det i mange, mange år. I tillegg er dei også utruleg flotte personar. Dei er hyggelege og audmjuke folk. Så denne prisen har dei verkeleg fortent, rosar Høydal.

Indre GPS

Moser-ekteparet deler prisen med amerikansk-britiske John O'Keefe. Prisen får dei for sine oppdagingar av eit posisjoneringssystem i hjernen.

«Korleis veit vi kvar vi er? Korleis kan vi finne vegen frå ein stad til ein annan? Årets nobelprisvinnarar har oppdaga eit posisjoneringssystem, ein slags «indre GPS» i hjernen, som gjer det muleg å orientere seg i rommet. Deira arbeid har vist korleis ein avansert intellektuell prosess vert utført av hjernen sine nerveceller», skriv Nobelforsamlinga ved Karolinska Institutet i Stockholm i si grunngjeving. Forsamlinga er sett saman av 50 professorar. Nobelprisen i medisin har vorte delt ut sidan 1901.

Alzheimer

John O'Keefe oppdaga i 1971 «stadcellene» i hjernen sitt hukommelsessenter. Han viste at desse cellene ikkje berre registrerer synsinntrykk, men også byggjer opp eit indre kart av omgjevnadene.

Moser-ekteparet si forsking byggjer vidare på O'Keefe sine oppdagingar. Dei har oppdaga korleis stadcellene jobbar. I 2005 oppdaga dei «gittercellene». Deira funn gir innblikk i korleis minner vert skapt og kvifor minner ofte heng saman med å sjå føre seg stader, gater og landskap.

Det er også i dette området i hjernen at Alzheimer startar. Å gå seg vill eller miste stadsansen er nokre av dei første symptoma på Alzheimer.

Moser-ekteparet jobbar ut frå ein hypotese om at cellene i dette området av hjernen kan ha spesielle eigenskapar som gjer at sjukdomen utviklar seg akkurat her.

– Dei er verdsleiande i sitt felt, og det veit alle vi som jobbar med dei. Gittercellene er ei stor oppdaging. På sett og vis var det venta at dei ville få nobelprisen på eit tidspunkt, men det er heilt spesielt at dei får den så tidleg i karrieren, seier Høydal.

Inspirasjon

Han fortel at Moser-laben er ein del av det store Kavli-senteret som forskar på demens. På sjølve Moser-laben er dei 30–40 personar som driv vidare forsking ut frå grunnlaget som O'Keefe og Moser-ekteparet har lagt.

– Vi jobbar vidare med det dei har starta på. Eg prøver å finne ut meir om korleis karta som er i hjernen kan oppstå, fortel Høydal.

Han fortel at prisen gir ein ekstra driv til laben.

– Forskingsmessig er dette ein stor inspirasjon. Og det er også sjølvsagt ei stor ære å få jobbe med så dyktige forskarar. Nobelprisen heng høgt, og vil truleg fungere som ein magnet på andre forskarar verda rundt. Dei beste forskarane vil no få lyst til å kome hit.