Det fortel statssekretær Jon Georg Dale.

Han ferierer for tida i Spania, men tenkjer likevel stamveg.

– Det er no ikkje mykje vi ikkje veit om dei to alternativa, midtre og indre. Men nokre tal er nokre år gamle, og det er viktig å oppdatere slik at alle tal vert ferske, slik at det grunnlaget avgjerda vert teken på er rett, seier Dale.

Statssekretæren kan ikkje stadfeste at det er i mars linevalet vert gjort av regjeringa.

– Det einaste eg kan seie er at avgjerda kjem i løpet av våren. Vi kan ikkje gå ut med nokon dato fordi saka skal regjeringsforhandlast.

Avgjerda om kvar kyststamvegen frå Ålesund til Skei i Jølster skal gå vert teken på regjeringskonferanse.

– Så lenge regjeringa ikkje har handsama saka, er det absolutt ingen ting som er bestemt i denne saka, seier Jon Georg Dale.

Han gjer det såleis klart at også duellen mellom Hafast og Fefast framleis er reell.