Det viser tal frå SSB. Til saman vart det etablert 2.185 nye bedrifter i Møre og Romsdal i fjor, 96 av dei i Ørsta og 78 i Volda.

Tilsvarande tal for Ørsta og Volda i 2016 var høvesvis 84 og 70, og for 2015 69 og 78.

Tala for 2017 er hakk i hel på rekordåret 2016, då 2.238 starta bedrift.

- Vi såg at oljenedgangen og den høge arbeidsløysa fekk fleire til å starte eiga bedrift. No når arbeidsløysa går ned, er det gledeleg å sjå at etableringsiveren ikkje fell, men held seg på same nivå, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Dei tre siste åra har det vore kring 2.200 bedriftsetableringar årleg.

- Vi treng nye bedrifter og fleire arbeidsplassar. Vi veit at to av tre nye arbeidsplasser i Noreg er skapt i nye og unge bedrifter, derfor er entreprenørskap ei viktig satsing for oss, seier Landstad.

Blant kommunane er det særleg Ørsta, Volda, Giske, Molde, Rauma, Sunndal, Smøla, Nesset som har hatt ei god auke frå året før. Av regionane er det Romsdal som har størst auke.