– Då hadde vi ei omsetning som var tre-fire gonger større enn gjennomsnittet i landet, fortel Ingar Teigene, dagleg leiar i Hareid Elektriske Handel. Dette selskapet eig Lefdal Volda medan Mylnå AS, som er eit dotterselskap av Hareid Elektriske Handel, eig Elkjøp Ørsta.
Dei to varehusa har hatt vekst etter at Eiksundsambandet og Kvivsvegen kom. Og etter at det vart gratis å køyre Eiksundsambandet har folk frå ytre verkeleg fått opp augo for å reise på handel i Ørsta og Volda, konstaterer Teigene.
Markant
– Etter at sambandet vart gratis har vi hatt ein markant auke av kundar frå Herøy og Sande. Dette var medverkande til at vi fekk ein fantastisk julehandel både på Lefdal og Elkjøp, seier Teigene.
Han registrerer også at stadig fleire nordfjordingar kjem på handel i Ørsta og Volda.
Ein medverkande faktor for det gode året til Elkjøp i Hovdebygda er kjøkkenavdelinga.
– Vi har stor suksess med denne avdelinga som er eit lågprissegment med god kvalitet, seier Teigene.
Ifølgje butikksjef Remy Kongsvoll vart det selt rundt hundre kjøkken i 2014.
– Vi starta med kjøkken i 2013. Det er ei ny gruppe for oss og vi har selt 150–200 kjøkken sidan vi starta opp. Med kjøkkena har vi ein jamn vareflyt gjennom heile året, og vi hadde og ein sterkare vinter i fjor enn tidlegare år, seier Kongsvoll.
Avslutta godt
Lefdal-varehuset i Furene har lagt bak seg eit år der leiinga har teke grep i høve kompetanse, sortiment og drift. Den beste salsperioden der var i haust då tala var gode.
– Vi avslutta 2014 ekstremt bra. Det vart nesten eit rekordår med god auke i salet. Kundane handlar mykje laptopar, men TV og telefonar aukar også. Nettbrett-salet har stabiliserte seg, og det aukar ikkje slik som det har gjort. Vi satsar på å ta med den gode avslutninga frå 2014 inn i 2015, og alle er motiverte for å få det til, seier butikksjef Morten Hjorthaug.
Ingar Teigene er optimist for 2015, men konstaterer at det kjem utfordringar.
– Låg kronekurs gir dyrare elvarer. Vi ser likevel fram til eit spennande år, seier han.