Saman igjen : Her er det fred, fest og gjenforeining, og Monrad Norderval møter igjen kona Oddlaug og familien. Rett bak faren er sonen Oskar Frode Norderval, og den vesle guten til høgre er sonen Kjartan. I halvprofil bak ser vi Petter Krøvel. Foto: Lystad-arkivet Foto: Lystad-arkivet

«Den verste var ein ung, norsk nazist»

– Fleire tyske soldatar kom brasande inn, under leiing av ein svært brysk NS-ungdom i full uniform – ein gymnasiast frå Volda. Eg var 13 år gammal, og vart vitne til at nazistane reiste med pappa.