Dei som går ut i ferie komande veke, kan sjå fram til fine dagar. Det er nemleg ikkje ein drope regn, og knapt ei sky i sikte så langt langtidsvarselet rekk. Etter at regnskyene forsvann fredag føremiddag, kan det verte ei stund til neste byge, skal ein tru meteorologane.
Ifølgje yr.no, kan ein i Ørsta vente seg sol og temperaturar opp mot 26-27 grader i veka som kjem. Komande helg vil temperaturane ligge og vake kring 20-talet, men ut over veka stig gradestokken jamt oppover.
Sjå langtidsvarsel for Ørsta (yr.no)