I Søre Sunnmøre tingrett stod guten tiltalt for trugslar mot offentleg tenestemenn, urettkomen tilgang til ein framand stad, tjuveri av mindre verdi, bilbrukstjuveri, seks tilfelle av køyring av motorvogn utan gyldig førarkort, simpelt tjuveri og kroppskrenking.

I retten kom det ei atterhaldslaus tilståing frå den tiltalte, og guten vart dømd i samsvar med tiltalen.

Retten vurderte truslane mot offentleg tenestemenn som det alvorlegaste forholdet ved straffeutmålinga. Retten meinte at straffa samla sett i saka skulle vere fengsel på vilkår i 90 dagar, med ei prøvetid på to år. I formildande retning vart det lagt vekt på tilståinga, i tillegg til at nokre av forholda hadde hatt lang skashandsamingstid. Difor sat retten straffa til fengsel på vilkår i 60 dagar, i tråd med påtalemakta sitt forslag.

Den domfelte erklærte at han vedtok dommen.