- Dersom Ørsta kommune får på plass ei finansieringsløysing for riving og nybygging av den fuktskada fløya på Vartdal skule, kan bygginga starte i 2012, og stå ferdig våren 2013.

Det seier oppvekst- og kultursjef Einar Muren.

Fukt og sopp

For nokre veker sidan måtte Vartdal skule stenge eit  undervisningsrom på grunn av fukt- og soppskadar. Denne veka vart ytterlegare to kontor, eitt personalrom og eit arbeidsrom for lærarar stengde.

Muren fortel at skadane kjem av ein byggjefeil frå då skulen vart bygd, der ein har lagt inn ein plastfilm mellom isolasjonen og ytterveggen.

Det har gjeve god vern mot vatn utanfrå, men har forårsaka kondens frå innsida som igjen har ført til rote på isolasjonen.

Permanent løysing

No vil Ørsta kommune med Einar Muren i spissen få på plass ei permanent løysing for Vartdal skule, der ein byggjer ny midtfløy, rehabiliterer den ytre delen, og lagar glastak over seksårsskulen og barneskulebygget.

Då må pengane på plass fyrst, for det å investere 40 millionar kroner i eit nytt prosjekt, er lettare sagt enn gjort for ei økonomisk handlingshemma Robek-kommune som Ørsta.

Arbeidet har vore planlagt i fleire år, men no går det mot ei løysing.

– Må ordne finansiering

Muren understrekar nemleg at det står høgt på prioriteringslista å finne dei naudsynte midlane fortast muleg.

– Vi håper å kunne presentere ei finansieringsløysing på kommunestyret sitt desembermøte. Viss vi greier dette, vil byggjestart mest sannsynleg vere i 2012, med ferdigstilling våren 2013.

– Og viss ein ikkje har ei løysing i desember?

– Då kjem prosjektet til å verte utsett endå eit år, gitt at elevane og dei tilsette kan leve under dei aktuelle forholda på skulen. Dersom vi kjem i den situasjonen kjem eg i alle fall ikkje til å foreslå at elevane i Barstadvik skal til Vartdal, seier Muren.

– Inga brakkeløysing

Skulesjefen avviser enn så lenge at ein skal nytte brakker som undervisningsrom på Vartdal, slik ein har gjort på Øyra og Vikemarka skule.

– Brakker kostar pengar det også. No gjeld det å prioritere kva som er dei rette investeringane. Målet er som sagt å nytte alle ressursar for å få på plass ei permanent løysing for skulen.

– God strategi

Muren seier dei har god tru på eigen strategi, noko som han nemner dei fekk eit godt prov på då dei sparte mykje pengar på renoveringsløysingane ved Ørsta ungdomsskule for nokre år tilbake.

Medan Ulstein skule valde å byggje nytt for 160 millionar kroner, vart rekninga i Ørsta berre 75 millionar kroner grunna ei vurdering om oppussing framfor nybygg.

Muren meiner  prosjektresultatet i Ørsta ikkje berre vart betre økonomisk, men også ferdigstilt med vel så høg kvalitet som arbeidet i Ulsteinvik.

Vil satse

– Eg reknar Vartdal som eit kommunesenter, med god tilgjengelegheit til både Ålesund og Ørsta. Det er uhyre viktig at vi får på plass ein god skule på Vartdalsstranda, seier Muren.

– Det byrjar å haste no?

– Ja, men dei tilsette ved skulen har sjølv sagt at dei er innstilte på å avvente ei løysing. Vi kjem likevel ikkje til å akseptere at det vert helsefarlege tilstandar, slik det vart då Ørsta kulturskule var plassert på Odinhjørnet, då eg vart tilsett i jobben som skulesjef.