– Eg og dei to andre grunneigarane Maria Sundal og Helge Hamre i Austefjorden har vorte fullstendig rundlurt av Allskog. No vurderer vi å kutte opp trevirket og selje det som fyringsved viss ikkje organisasjonen betalar ut pengane vi vart lovde, seier Odd Harald Sundal.
Han, Maria og Helge er part i eit todelt prosjekt, der eit utval skogeigarar i Follestaddalen og i Austefjorden skal produsere skogmasse som seinare kan nyttast som brensel i Ørsta Eldhus.
Før Tussa og Fjordane Bioenergi tek hand om materialet, er det Allskog som kjøper skogmassene, og sel det vidare.
No er det konflikt mellom kjøpar og seljar, for grunneigarane meiner dei ikkje får betalinga dei har krav på.
Lausmål
– 15. november i fjor vart trevirket vårt målt til å vere litt under 2000 kubikkmeter. I utrekninga av verdien på materialet, ganga Allskog det totale kubikktalet med 0,8 for å rekne vekk lufta i haugane, slik det vert gjort når materialet ligg i nyhøgd lausmål (lm3). Avtalen var at vi skulle få 50 kroner pluss moms per kubikk, med ei påfølgjande umiddelbar betaling for varene.
Sundal seier han og dei andre grunneigarane såg på dette som eit fornuftig forslag. og gjekk vidare med kontrakten som var skriven under på eit tidlegare tidspunkt.
Ukjent
Tida gjekk, men pengane uteblei. Rett over nyttår tok Sundal ein telefon til Allskog sitt hovudkontor i Trondheim, og fekk melding om at dei ikkje hadde høyrt om avtalen i det heile.
Då ein nærma seg slutten av januar, fekk omsider grunneigarane i Austefjorden utbetalt ein sum frå Allskog, men den viste seg å berre utgjere ein tredjedel av den forventa summen.
– Avtalen var som sagt at dei skulle rekne lausmål og dermed gange kubikktalet med 0,8, men av ein eller anna grunn hadde dei ganga det talet igjen med 0,4.
– Kvifor hadde dei det?
– Det er heilt uvisst. Vi fekk svar om at dei følgde nokon finske målemetodar, men det var aldri godkjent av oss.
Anna målemetode
Det som eigentleg hadde skjedd, var at skogeigarforeininga hadde rekna verdien på grunneigarane sitt trevirke ut ifrå fastmål (fm3), altså ferdig prosessert flisvolum, i staden for lausmål.
– 2.000 kubikkmeter med lauvskog svarar til sjølvsagt langt mindre volum når det er ferdig opphøgd flis, opplyser Sundal.
Han seier dei ikkje godtok den låge kompensasjonen frå Allskog, og sendte inn eit motkrav som svara til den originale rekninga.
– Vi skreiv at vi såg på lauvskogmassene som vår eigedom til den fullstendige betalinga hadde kome på konto. Vi fekk aldri svar på sjølve motkravet, men fekk ein e-post der Allskog opplyste om at dei vurderte å betale «for å få slutt på ei lei sak». Det skjedde ikkje noko meir etter det, seier Sundal.
– Ikkje opplyst om saka
I februar tok grunneigarane i Austefjorden sjølv initiativ, og inviterte leiinga i Allskog, fylkesmannen, Tussa, Prosjekt Ørstaskogen og Fjordane Bioenergi til møte på Tussatun i Hovdebygda, men ingen melde seg.
Det siste som no har skjedd i saka, er at grunneigarane har kontakta regionleiar Arvid Eriksen, som melde at han skulle kome til Austefjorden etter påske for å hjelpe til med å finne ei løysing i tvisten.
– No er veka snart ferdig, og vi har enno ikkje høyrt noko frå han. Vi fekk seinast eit brev frå ein marknadssjef i foreininga som ytra at dei stod på kravet sitt, og kunne i det lengste gje ei symbolsk erstatning fordi dei hadde rota i papira. Den summen var ikkje på langt nær det vi krev, seier Sundal.
Synd for eldhuset
Han tykkjer kaoset er uheldig, ikkje berre for grunneigarane, men også for Tussa og Ørsta Eldhus som skulle nyttegjere lauvskogmassene som brensel.
Sundal åtvarar andre skogeigarar på det sterkaste om å involvere seg med skogeigarforeininga når det kjem til biovirke, og kallar det for venstrehandsarbeid der altfor mange kokkar sølar utover.
Sundal er ikkje i tvil om grunneigarane sin ståstad.
– Haugane med lauvskog vert liggjande til den korrekte summen er utbetalt.