Eit bufellesskap vil seie at pensjonærane som bur der ikkje får plass gjennom institusjonsvedtak, men vert tilbodne om bustad i eit bufellesskap.

Det vil også verte gjennomført vedtak om heimetenester etter brukaren sitt eige behov. Dei som bur i bufellesskapet kan kjøpe måltid ved institusjonskjøkkenet.

I dag er det fjorten sjukeheimsplassar i nybygget ved Vartdal helsetun. I vestfløya, den eldste delen, er det sju sjukeheimsplassar. Vidare er to plassar nytta til ekstratiltak, og fire plassar er ikkje nytta.

I alt er det 27 plassar ved institusjonen. Med omlegginga vert altså sju sjukeheimsplassar fjerna og erstatta med eit såkalla bufellesskap.

Turbulens

I kommunestyret var det stor semje om tiltaket. Formannskapet hadde handsama saka tidlegare på dagen, og i tilrådinga teke vekk eit punkt som definerte at ansvaret ligg under heimebasert omsorg. Dette punktet tok kommunestyret inn att.

– Eg er glad for at det vert teke tak og gjort noko med den delen av Vartdal helsetun som det har vore turbulens rundt, spesielt for dei som arbeider der. Det er også greitt at punktet om dette ligg under heimebasert omsorg vert ståande. Vi må synleggjere at dette skal gå over heimetenesta sitt budsjett, sa Signe Turid Barstad (Sp).

Færre sjukeheimsplassar

Sigve Aklestad (KrF) støtta forslaget, men påpeikte konsekvensen. – Ved å gå for dette vedtaket, er det viktig å vere klar over at vi dermed reduserer talet på sjukeheimsplassar i Ørsta kommune. Vi har aldri hatt for mange, anna enn på kostnad.

Behovet for sjukeheimsplassar vil vere der, og vil truleg også auke. No definerer vi tilbodet vårt annleis. Nokre fleire vil truleg godta at summen av helsemessige plager ikkje er stor nok for ordinær sjukeheimsplass, sa Aklestad.

Leiar i levekårsutvalet, Sven Castberg (H) har vore ein sterk tilhengjar av omorganiseringa.

Sørpe

– Viss vi verkeleg trur at vi skal ha like mange institusjonsplassar framover som no, har vi ikkje forståing for den økonomiske sørpa vi er i, sa Castberg.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) meinte saka vitna om nytenking i kommunen.

– Grepa som har vorte gjort er utruleg konstruktive. Dette er banebrytande. Dette har vi tenkt på lenge i levekårsutvalet. Det vert ei samhandling mellom bufellesskapet, sjukeheimen og heimetenestene. Det vert større fleksibilitet, sa Vinjevoll.

Signe Turid Barstad helsa omorganseringa på Vartdal Helsetun velkomen.