Hovde la vekt på å minne dei falne, men understreka at kransen også er for dei som har utført oppdraget, og som er trygt heime.

– Vi minnast og heidrar no dei falne. Men vi skal også heidre dei som i dag gjer den innsatsen for fedrelandet som politikarane har bestemt dei skal gjere i utlandet. Samstundes som vi står her, kan det vere at ein ung ørsting er på veg ut på ein livsfarleg patrulje i Afghanistan for å sikre demokrati og menneskerettar for dei som bur der og med det også styrke vår tryggleik. Dei unge mennene og kvinnene som er der i dag må kvar einaste dag vere budd på å ofre alt i det oppdraget vi har gjeve dei. Desse skal også heidrast i dag. Og vi skal heidre alle dei som er komne heim i live etter å ha utført livsfarlege oppdrag for nasjonen, sa Hovde i talen sin.

22. juli

Ordføraren snakka også om 22. juli.

– Atter ein dag får vi oppleve å feire denne heilt spesielle dagen. Atter ein gong får vi feire han i fridom – som eit fritt folk. Atter ein gong kan vi ta på oss finstasen, ta fram flagget, det norske, vifte og juble og føle at vi er ein nasjon, utan atterhald og utan redsle for andre makter. Slik har det vore i mange år no. Det er snart 70 år sidan den andre verdskrigen slutta, og dei færraste av oss som er her i dag opplevde han og gleda som kom med frigjeringa i 1945. Likevel har vi det siste året blitt minna på at fridom og demokrati ikkje må takast for gitt. Det feige og ufattelege åtaket mot demokratiet og vårt samfunn sist sommar var ei grufull påminning om at fiendane av Noreg ikkje alltid kjem utanfrå. Ugjerningane mot uskuldige unge og vaksne skal vi aldri gløyme, men vi skal heller ikkje gløyme at vårt svar på den ugjerninga var «meir demokrati og meir fridom», og at ingen ekstreme krefter, same kvar dei kjem frå, skal få makt over vårt levesett og vårt demokrati, sa Hovde.

Fridom er ikkje gratis

Fridom er ikkje noko som kjem gratis, understreka Hovde.

– I Washington, ved minnesmerket etter Koreakrigen er det reist ein stor stein med innskrifta «Freedom is not free», altså: fridom er ikkje gratis. Opp gjennom historia har vi som nasjon fleire gongar opplevd åtak på fridomen vår. Framande makter trengde seg inn og la landet under seg. Det var Blix som skreiv det i songen: «Vårt heimland i myrker låg, og vankunna ljoset gøymde».

– Då måtte vi kjempe for å få tilbake rettane våre, -i mange høve med livet som innsats. Søner vart sende i krig, og motstandsarbeid vart organisert på dei mest utrulege måtane. Og når striden var over, og sjølvstende vunne tilbake, då var fleire menn og kvinner ikkje lenger med, medan andre levde vidare merka av ufattelege lidingar. Namna deira lyser mot oss mellom anna frå denne bautaen. Vi måtte vakte om fridomen – også med menneskeliv som skjold. Fleire av dei som først og fremst skulle nyte freden, var borte. Fridommen kosta, sa Hovde.

– Kransen på bautaen er difor både for dei falne, men også for dei som har utført oppdraget og er trygt heime.

Ungdommen

Hovde oppmoda ungdommen til å ta tak i fridomsideala.

– Fridommen vår er ikkje sikra sjølv om dei ytre forholda er rolege. Der er indre truslar som vi må ta på alvor. Nedbrytande strøymingar trugar freden og verdiane i samfunnet vårt. Dette er strøymingar vi aldri må akseptere. Ulukkelegvis har nokre av desse fått ei viss oppslutning dei siste åra gjennom grupper som dyrkar vald og truslar under dekke av å drive politisk- eller religiøst arbeid. Vi må støtte  positivt byggjande ungdoms- og lagsarbeid. «Lat folket som brødre saman bu, som kristne det kan seg søma». Eg vil spesielt oppmode dei unge som er her i dag om å stå vakt om dei positive verdiane de har fått i gåve, sa Hovde.