Registrerte trus- og livssynssamfunn kan kreve statleg og kommunalt tilskot. Det kommunale tilskotet vert rekna ut på grunnlag av kommunen sine budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart medlem. Tilskot kan berre verte kravd for medlemer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna trus- eller livssynssamfun som får tilskot.

I Ørsta er det 609 personar som er medlemer i andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.

Dei som får støtte for 2017 er:

• Human etisk forbund, 65 medlemer, 36.335,-

• Syvende dags adv.samf Den

Norske Union, to medlemer, 1.118,-

• Den evangelisk lutherske

frikirke, 155 medlemer, 86.645,-

• Den frie evangeliske forsamling - Betel, 17 medlemer, 9.503.-

• Hallingdal Islamsk senter, eitt medlem, 559,-

• Vietnamesisk buddhist &

kultursenter i Østfold, eitt medlem, 559,-

• Buddhistforbundet, to medlemer, 1.118,-

• Metodistkirken i Norge, to medlemer, 1.118,-

• Islamsk Senter for Nord Norge, to medlemer, 1.118,-

• Jehovas Vitner, 13 medlemer, 7.267,-

• Den islandske evangeliskelutherske menighet i Norge, seks medlemer, 3.354.-

• Pinsemenigheten Betel,

Trondheim, eitt medlem, 559,-

• Den katolske kirke i Midt

Norge, 161 medlemer, 89.999,-

• Credokyrkja, eitt medlem, 559,-

• Det islamske fellesskap Bosnia & Herzegovina, 14 medlemer, 7.826,-

• Svenska Kyrkan i Norge, fire medlemer, 2.236,-

• Nytt Livs Senter, 39 medlemer, 21.801,-

• Filadelfiamenigheten Vennesla, eitt medlem, 559,-

• Pinsemenigheten Sion, eitt medlem, 559,-

• Den eritreisk ortodokse menigheit i Buskerud, eitt medlem, 559,-

• Den eritreiske kopitske kyrkja i Norge, eitt medlem, 559,-

• Pinsemenigheten Betel, eitt medlem, 559,-

• Pinsekyrkja i Volda, 29 medlemer, 16.211,-

• Notodden Misjonsmenighet, eitt medlem, 559,-

• Ålesund Jamii Islamsk senter, 35 medlemer, 19.565,-

• Wat Bodhi-Dhamm Buddhistforeining i Norge, 14 medlemer, 7.826,-

• Kristi Åpenbaringsmenigheit – den russisk ortodokse kyrkje, eitt medlem, 559,-

• Living World Bible Center, eitt medlem, 559,-

• Anjuman Falah Ul Muslimeen, eitt medlem, 559,-

• Dar El Eman Islamic Center, to medlemer, 1.118,-

• Den rumensk ortodokse menigheit i Oslo – De hellige martyrer Iona Romanul og Hallvard, 12 medlemer, 6.708,-

• Det norske imam Ali senter, eitt medlem, 559,-

• Heilage Anna menigheit, sju medlemer, 3.913,-

• New Life Ålesund Bibel og misjonssenter, eitt medlem, 559,-

• Muhiban-E-Ahlil Bait Centre Oslo, eitt medlem, 559,-

• Salt Bergenskyrkja, eitt medlem, 559,-

• Somalisk Trussamfunn i Notodden, fem medlemer, 2.795,-

• Badar islamsk kultursenter, eitt medlem, 559,-

• Norway International Fellowship, eitt medlem, 559,-

• Åsatrufelleskapet Bifrost, to medlemer, 1.118,-

• Oslo katolske bispedømme, eitt medlem, 559,-

• Unitarforbundet, eitt medlem, 559,-