Det er nemleg forvirring blant folk i Bjørke og Viddal krinsar på kva dei eigentleg svarar på når dei over telefonen skal spørjast kva kommune dei skal høyre til i framtida.

Hovudspørsmålet er nettopp dette, kva kommune ynskjer dei å høyre til.

Det er når svaralternativa kjem, at forvirringa dukkar opp. Det fyrste alternativet er å verte verande i Ørsta. Det andre er overføring til nye Volda kommune. Forvirringa har oppstått for det tredje svaralternativet, som er «anna».

– Og mange har teke kontakt med meg og rådhuset og spurt på kva «anna» tyder. Nokre lurer på om det har dukka opp eit heilt nytt alternativ med ein annan kommunekonstellasjon, seier Aam.

Han har teke kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal for å få avklart saka.

– Forklaringa er at det handlar om at folk skal kunne røyste blankt. Då nyttar byråa som vert leigt inn til slike telefongranskingar, i dette tilfellet Opinion AS, seg av nemninga «anna». Det er altså ikkje snakk om noko tredje alternativ til tilknyting, seier Aam.

Når det er sagt, kjem Aam med eit klart råd til innbyggjarane i Viddal og Bjørke krinsar.

– Eg håper at dei røyster på det fyrste svaralternativet, altså å verte verande i Ørsta. Som ordførar er eg veldig klar på at det er dette eg ynskjer vert utfallet av innbyggjargranskinga, seier Aam.

Han meiner Ørsta kommune siste åra har vist at dei vil satse på Bjørke-området, som i saker som gjeld kommunal tilskot til mobiltelefondekning og seinast midlar til Finnesvegen.

Han viser dessutan til arbeidet med reiseliv, og utarbeidinga av masterplanen.

– Då er vi avhengig av å sjå Hjørundfjorden i ein heilskap.

Frå 16. til 27. januar

Det er avklart at innyggjargranskinga vert i dagane frå 16. til 27. januar. Alle over seksten år med telefon skal ringjast opp.

På måndagar til og med torsdagar vert det ringt mellom kl. 16.00 og 22.00. På fredagane frå kl. 16.00 til 20.000, på laurdagar frå kl. 13.00 til 18.00.

–I tillegg til å verte spurde om kva kommune området skal høyre til, vert dei som vert oppringde spurde om kjønn og alder, fortel Aam.