Det var i samfunnsutvalet tysdag, at leiar Inge Kolås (Frp) la fram eit brev der han har notert ned nokre tankar om temaet, i lys av den betente Osgeil-saka. Kolås hadde sett Osgeil-saka på dagsorden som ei drøftingssak, men trekte saka, etter at det vart kjent at kontrollutvalet reagerte sterkt på at dei skulle ha saka opp. Kontrollutvalet har kome med ei innstilling til kommunestyret som skal opp til handsaming 27. april.

– Karl Asgeir Sæbønes er ugild i Osgeil-saka grunna at han har ei dotter som bur i gata. Rådmannen seier at han er ugild, noko eg sjølv også er samd i. I alle fall så langt. Men kva med handsaminga som samfunnsutvalet gjorde i ei tidlegare sak, ved Rema 1000-området. Dette er også ei trafikktryggingssak for dei same skuleborna som Karl Asgeir Sæbønes er bestefar til. I denne saka vart det ikkje vurdert gildskap. Og kva med trafikktryggingstiltak i Åmdal. Der er eg bestefar til born som går på skulen. Dei borna kan også finne på å gå på ein gangveg, eller det som verre er, i mangel på ein gangveg. Eg har også stilt spørsmål om gangveg ved krysset ved Kjøde/Dalevegen, der eg er medeigar i eit firma som skal bygge hus eit stykke bortom der utfordringa ligg.

Kolås la fram fleire dømer frå andre utvalsmedlemer. Astrid Bjørdal (Ap) som ønskjer ein tryggare kommunal veg i Bjørdal. Einar Holsvik (H) som har vore med på synfaring i Hovdebygda, der han sjølv har born som nyttar seg av ein skuleveg der det er peika på at forholda bør verte betre. Pauline Vinjevoll (Frp) som er bestemor til born på Vinjevoll, der samfunnsutvalet har engasjert seg i å utbetre eit gjerde ved ei elv som kunne vere farleg for born i området.

– Døma er mange, og eg seier ikkje dette for å henge ut nokon, men for å tydeleggjere problemstillinga, sa Kolås.

Ville vegar

Utvalsleiaren reagerer på konklusjonane til kontrollutvalet når det gjeld korleis samfunnsutvalet som trafikktryggingsnemnd skal handsame gildskapsspørsmål. Sæbønes får refs for å ha vore ein aktiv pådrivar i saka om Osgeila.

– Eg har byrja å tru at vi er på ville vegar, kanskje til og med kontrollutvalet. Har dei tenkt gjennom korleis vi som trafikktryggingsnemnd skal kunne handsame alle trafikkutfordringane vi som utval har, i vår langstrekte kommune? Vi som sit i samfunnsutvalet er valde tillitsmenn/kvinner som er valde ved val kvart fjerde år. Vi er difor til ei kvar tid representantar for folket i bygda vår. Difor vedkjem trafikktryggingsspørsmål oss alle saman, i tur og orden, der vi har hus, familie og der vi ferdast.

– Det er flott at du løftar fram dette, sa Astrid Bjørdal.

– Det er vanskeleg å vite kvar grensene går for når du vert part i ei sak. Kven definerer at Karl Asgeir Sæbønes er ugild fordi dottera bur i Osgeila, kontra om eg løftar fram mine ungar og deira skuleveg. Skulle eg i etterkant få oppleve den massive stormen som etter Osgeil-saka, då veit eg ikkje. Det har vorte ein storm i eit vassglas. Vi har i beste meining prøvd å løfte fram ei sak som handlar om trafikktrygging av mjuke trafikantar. Eg meiner at samfunnsutvalet har stått med rak rygg, og vi har rydda opp i det vi har rota til. Dette handlar ikkje om eiga vinning. Det handlar om liv og helse. Det er ikkje anna personleg vinning enn at vi har lyst å sjå at barn og barnebarn får vekse opp i trygge kår.

Bjørdal fekk støtte frå Alexander Riise Olsen (Ap).

– Kven skal, om ikkje Astrid, løfte opp saka i Bjørdal, når det er ho som kjenner til utfordringane og problema som er der?

Praksis

– Eg vil at dette temaet skal verte skikkeleg snakka om og skikkeleg vurdert. Vi skal syte for at det vert ein skikkeleg praksis. Eg meiner det er ein god praksis i samfunnsutvalet i dag, men vurderinga får kommunestyret ta. Kontrollutvalet har etter mitt syn gått ut og meint rett og slett dumme ting, og har meint noko om ting dei skal halde seg langt unna å seie noko om. Det må eg få meine. Difor trekkjer eg drøftingssaka frå sakskartet i dag, sa Kolås.

Han seier at han stiller eit stort spørsmål til slutthandsaminga frå kontrollutvalet, der han meiner dei går inn i debatten og deltek aktivt i media.

– Dei utøver politisk arbeid. Då har ikkje eingong kontrollutvalet forstått si rolle. Dei skal sjå på korleis vi har handsama sakene våre. Dei skal ikkje ha meiningar om kva vi vil finne på, av gode eller mindre gode vedtak. sa Kolås, som reaksjon på at kontrollutvalet bad samfunnsutvalet om å trekke Osgeil-saka frå sakskartet tysdag.