Hendinga fann stad i slutten av september i år. Mannen hadde krangla med sambuaren, og tok bilen og køyrde til Volda der han ville overnatte med kjenningar. Tidlegare på kvelden hadde mannen drukke rundt fem halvliterar øl. Blodprøve vart teke rett etter køyringa, og analyseresultatet viste promille på 1,14. Mannen er også tidlegare dømd for promillekøyring, og vart også frådømt retten til å føre motorvogn i to år og to månader. Retten finn den tidlegare dommen i skjerpande retning, og tilståinga frå mannen i formildande retning.

Mannen vart dømt til femten dagar i fengsel. Vidare fekk han 40.000 kroner i bot, subsidiært fengsel i femten dagar. I tillegg vert han fråteken retten til å føre motorvogn i 36 månader. Den domfelte erklærte at han tok omtenkingstid.