I elleve år har uteplassen Rust halde stand ved sjøkanten i Strandgata. I starten var Rust ei av dei hottaste konsertscenene i landet, med så mange store namn på plakatane at banda nærast booka seg sjølv. Men utelivsbransjen endra seg, og dei store artistane kosta stadig meir. Etter kvart tok laurdagsdisko over for konsertane. I tillegg vart barkonseptet “Minibar” etablert. Den siste tida har også “Maxibar” sett dagens lys.

Dugnad

I fjor kom ein bråte nye personar inn på eigarsida, med mål om å drive Rust vidare på dugnadsbasis for å sikre vidare drift og å kunne gje eit tilbod i bygda.

– Vi er no tretten eigarar som driv på dugnad. Dette fordi vi har eit sterkt ønske om at tilbodet skal halde fram å vere i bygda. Vi ønskjer å ha ein kvalitetsplass der folk kan gå ut, seier Daniel Klepp, ein av dei mange som arbeider frivillig for å halde Rust i gang.

Eigarane presiserer at dugnadsarbeidet for det meste skjer “bak kulissane”, og at dei har 25 deltidstilsette som tek seg av det daglege arbeidet framfor og bak bardiskane.

Minibar og Maxibar

Dei nye eigarane har det siste året prøvd forskjellige konsept for å finne den beste måten å drive uteplassen på. No har dei funne oppskrifta dei vil gå vidare med:

– Å ha ope heile Rust vart for dyrt i lengda, så det har vi slutta med. Maxibar-konseptet laurdagane har vorte prøvd, og er no eit innarbeidd og stabilt tilbod. Lokalet er såpass lite at det ikkje skal mykje til før det tek av og vert god stemning. I tillegg er Minibar open kvar fredag. Det vi satsar på er eit litt vaksnare publikum enn vi har hatt tidlegare. Vi skal ha DJ-ar eller minikonsertar laurdagane, og vi har utvida barkartet. Vi ønskjer også at det skal verte meir attraktivt for jentene å gå ut. Her arbeider vi med eigne konsept. Det var ein periode det vart litt “guteklubb” på Rust, medgir Klepp.

Heim til jul

I tillegg til å satse på eit meir konsekvent opningstilbod, vil drivarane opne heile lokalet i jula, påska og om sommaren.

– Då kjem mange heim som har eit forhold til Rust. Folk vil ut og treffe vener. Difor har vi ope i jula, med 2. juledagsdisco, julejam og eit par andre ting som enno ikkje har kome på plass.