– Eg likar det ikkje, men vi er forplikta til å vere med, sa ordførar Rune Hovde.

Vil ut av næringsbygget

Ørsta kommune eig 6.000 av totalt 11.000 aksjar. Sparebank 1 Søre Sunnmøre eig dei andre aksjane.

– Vi er forplikta gjennom aksjonæravtale å tilføre nødvendig likviditet i selskapet, skriv rådmann Wenche Solheim i sakspapira.

Dette fører til at driftsrekneskapen til Ørsta kommune for 2013, vert belasta med 756.000 kroner som ikkje er budsjettert.

– For ettertida er det ønskjeleg å budsjettere med reservepostar for uforutsette hendingar, seier Solheim.

– Vi må kome oss ut av dette. Dette er pengar vi skulle hatt til noko anna, sa Rune Hovde.