Mannen erkjende i Søre Sunnmøre tingrett at han i april i år kjøpte 2 gram med hasjisj i Ålesund. At han ved to tilfelle enten brukte eller var i innehav av narkotika i Volda. Mannen erkjende også to tilfelle av bruk eller innehav i Ålesund. I februar førte mannen ein personbil sjølv om han påverka av alkohol. Blodprøve teke etter at han vart stoppa viste promille på 1,08, i tillegg til påverknad av hasjisj tilsvarande meir enn 1,2 promille. I retten erkjende mannen forholdet.

Mannen vart dømd til tretti dagar i fengsel der femten dagar av straffa er på vilkår. Vidare fekk han ei bot på 27.000 kroner, subsidiært fengsel i femten dagar. I tillegg vert mannen frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i to år. Den domfelte erklærte at han vedtok dommen.