– Eg har nyleg takka ja til å ta i mot stillinga, og eg gler meg til å byrje, seier Espen Aarseth til Møre-Nytt.

Espen Aarseth er gift med Kirsten Ragnhild Grimstad frå Ørsta. Ho er dottera til Margot og Arne Ola Grimstad. Saman har paret ein gut på seksten månader.

Aarseth har sagt ifrå til soknerådet i Hjørundfjord at han tek stillinga.

Hyggjeleg

– Eg har hatt kontakt med folk i Hjørundfjorden, mellom anna i soknerådet. Dei var entusiastiske, og det er hyggjeleg, seier Aarseth.

Han er opphavleg frå Sandnes i Rogaland. Der vaks han opp i pinserørsla og i bedehusrørsla.

– Eg har drive mykje med ungdomsarbeid. No er eg kapellan i Asker, og har fått smakt på alt mogleg i ein prestekvardag. Eg har funne meg godt til rette i Den norske kyrkja, seier Aarseth.

September

Han vil ikkje ta til i stillinga for ut i september, men fortel at han heilt sikkert vil kome til Sunnmøre ein tur før det.

– Då håper eg å treffe kyrkjelyden og sokneråda. Å prate med folk er noko av det kjekkaste eg gjer, seier Aarseth.

No startar ein prosess med sal av leilegheit og førebuing av flyttinga til Ørsta. Det følgjer ikkje buplikt med prestestillinga i Hjørundfjord. Kvar han vog familien vil bu, er eit ope spørsmål.

– Vi har ikkje heilt landa på kvar vi skal bu. Uansett er det viktig at vi har familie i Ørsta, seier Aarseth.