Det var 131.730 menn og 127.674 kvinner registrert busett i Møre og romsdal ved inngangen av 2013, noko som gir 4.056 fleire menn enn kvinner. Mannsoverskotet har auka med 724 personar samanlikna med året før.

På landsbasis var det ved årsskiftet 20.541 fleire menn enn kvinner i Noreg.

Ved inngangen til 2012 var det tilsvarande talet 11.871. Første gong det var registrert mannsoverskot i Noreg var ved inngangen til 2011. Då var mannsoverskotet på 1.400. Dette viser ei særs kraftig utvikling dei siste tre åra.

Ørsta og Volda

I Ørsta budde det ved årsskiftet 5.296 menn og 5.160 kvinner, noko som gir eit mannsoverskot på 136.

I Volda dreg dei ned statistikken med eit mannsunderskot på sju. Der var det nemleg ved årsskiftet busett 4.410 menn og 4.417 kvinner.

Av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre er det Ulstein som har det største mannsoverskotet på 401.

Av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal er det berre Volda, Stordal, Norddal og Rindal som har kvinneoverskot. Størst overskot på menn er det i Ålesund med 795 fleire menn enn kvinner.

Demografiske tilhøve

Det er ulike demografiske tilhøve som ligg bak det veksande mannsoverskotet. Den klart viktigaste årsaka er flyttingane til Noreg, at det vert fødd fleire gutar enn jenter, og at det er fleire kvinner enn menn i alderen der det døyr flest.

Få kvinner i fruktbar alder

Ved inngangen av 2013 var det i Møre og Romsdal 89,9 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år. I Noreg var det tilsvarande talet 95,1 per 100 menn. Møre og Romsdal var på ein desidert sisteplass av alle fylka i landet. Ved årsskiftet var det ingen kommunar i fylket som hadde fleire kvinner enn menn i denne aldersgruppa. Dette har aldri skjedd før.

I Ørsta var det 88,4 kvinner per menn i denne aldersgruppa.

I Volda var det 90,9 kvinner per menn i denne aldersgruppa.

Fylkesstatistikken peikar på at migrasjonsstraumane er ei sentral årsaksforklaring på den låge delen kvinner per 100 menn i fylket. Innanlandsk flyttetap, saman med stor nettoinnvandring frå utlandet, der majoriteten av tilflyttarane er menn i alderen 20-49 år, har stor innverknad på kjønnsbalansen i aldersgruppa.