– Helgåa er ei av dei mest iaugefallande elvane i Hjørundfjorden og Norangsfjorden. Med sitt «brudeslør» av ein foss over det opne fjellet, er ho heilt unik, og gjev eit inntrykk for alle. Det vil vere eit brutalt overgrep mot landskapet om Helgåa vert regulert.

Det skriv Forum for Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal i si fråsegn til handsaminga av konsesjonssøknadene for kraftutbygging i fjorten vassdrag i Ørsta og Volda. Etter krav frå NVE skal dei fjorten søknadene handsamast heilskapleg. Det er sju vassdrag som det er søkt konsesjon om i Volda, og sju i Ørsta. I Ørsta er det gjeve utsett høyringsfrist til 4. juni.

Mellom utbyggjarane er Tussa Energi AS, Småkraft AS, og ei rekkje private grunneigarar.

Forum for Natur og Friluftsliv Møre og Romsdal er eit samarbeidsforum for natur- og friluftsinteresserte organisasjonar i fylket. Mellom desse er Norges Jeger- og Fiskerforbund, Naturvernforbundet, Friluftsrådet, turistforeiningane, speidarorganisasjonar og 4H.

Samarbeidsforumet er generelt skeptisk til dei aktuelle kraftutbyggingane, men vil under visse vilkår godta nokre. Fleire av utbyggingane meiner Forum for natur og friluftsliv ikkje må skje.

Forumet meiner Holåa kraftverk, Helgåa kraftverk, Skår kraftverk og Indre Trandal kraftverk i Hjørundfjorden og Ørsta, og Osdalen kraftverk, Øggardselva kraftverk og Storelva kraftverk iAustefjorden og Volda ikkje bør få konsesjon. Dei andre søknadene kan imøtekomast med justeringar.Det gjeld Klubbeneselva kraftverk, Skarbøen kraftverk og Årsetelva kraftverk i Ørsta, og Feirdalselva kraftverk, Osvatnet kraftverkVassbakke kraftverk og Dravlaus kraftverk i Volda.

– Gode rasteplassar, fiskeplassar, hekkeplassar, gyteplassar, spanande juv, imponerande fossestryk og idylliske kulpar kan ikkje puttast inn i standardiserte vurderingsskjema eller målast kvantitativt. Vi har likevel gjennom denne fråsegna prøvd å verdsetje naturen og folks oppleving av naturen, og vege desse opp mot samfunnet sine behov for kraft. Vi har konkludert med sju nei, eit tja og seks ja på vilkår.Då har vi naturen til våre barnebarns barn i tankane, og meiner at meir av vassdragsnaturen kan ikkje vår generasjon ta for seg av, heiter det i fråsegna.

Forumet for Natur og Friluftsliv nyttar til dels sterke ord om dei vassdraga dei meiner ikkje må få konsesjon. Utbygginga av Helgåa i Norangsfjorden vert altså kalla brutal. OmHolåa ovanfor Norang heiter det at ei utbygging vil gripe inn i eit kulturlandskap med nasjonal verdi. OM Skår kraftverk heiter det at ei utbygging sterkt vil redusere verdien av Skår-landskapet som kulturlandskap og landskapselement i Hjørundfjorden.

– Lausmassane i elvebotnen og langs kantane av elvefaret fortel korleis vatnet, isen og snøskreda har forma landskapet Skår, slik hurtigruteturistar og andre kan undre seg over naturens arbeid. Vi ser dilemmaet knytt til attgroing, busetnad og beitetrykk. Men det må vere storsamfunnet sitt ansvar å syte for trygg straumforsyning, også til HelgåaSkår, seier forumet i fråsegna. Om Indre Trandalselva seier forumet at ho er så viktig for fjordlandskapet at ho må få renne fritt.