I ei tilråding til formannskapet ber rådmannen om at Ørsta avviser omklassifiseringa, og insisterer på at denne vegen skal vere fylkesveg.

– Når Hjartåberget er ferdig rassikra og vegen får status som E-39, vil fylkesveg 43 frå Vatne til Hunneset få auka trafikkmengd, og vil framleis vere ei viktig trafikkåre. Vegen vil også ha viktige funksjonar som omkøyringsveg ved ulykker og ved stenging av E-39, seier rådmannen i forslaget til vedtak..

Ho ber Ørsta formannskap om å be om vedtaket i fylkesutvalet om omklassifisering av fylkesveg 43 vert omgjort. Såleis at vegen framleis vert oppretthalden som fylkesveg.

– Dersom denne vegen vert kommunal vil det ha negativ verknad på trafikkmønsteret i fylket, for dette er ein veg som har ein aukande trafikkbelastning og vil mest truleg auke endå meir når E-39 vert skilta som planlagt. Møre og Romsdal fylke får statlege midlar til drift og vedlikehald av vegen så lenge den er fylkesveg.#<\p>Dersom denne vegen vert omklassifisert til kommunal veg vil fylket få redusert si overføring. Ørsta kommune får ei tilsvarande svekking av sitt budsjett, og kommunen vil ikkje få auka rammeoverføringar som dekkjer desse utgiftene som fylkeskommunen no legg opp til. Konsekvensen av ei omklassifisering er at innbyggjarane i fylket får ein veg mindre om vinteren då kommunane ikkje har økonomi til heilårsdrift, dette er også ein veg som krev mykje kompetanse i høve skredvurderingar, heiter det frå rådmannen i saksutgreiinga.

Ho seier altså at det neppe vert heilårsveg mellom Hunnes og Vatne dersom vegen vert kommunal.

Samferdselsutvalet har peika på at fylkesveg 43 neppe vert nytta så mykje som han har vorte gjort til no, etter at Hjartåbergtunnelen opnar. Kommunen har eit anna syn på saka. Det vert mellom anna peika på ulykka i Rotsethorntunnelen tidlegare i haust, der Vatne–Hunnes vart nytta som omkøyringsveg.

– Vidare har ferjefrekvensen Volda–Folkestad endra seg vesentleg for nattavgangar. No har ikkje denne strekninga avgangar mellom 23.30 og 05.30. Dette vil medføre at ved ulykker eller andre uføresette hendingar kan det verte lang ventetid for dei reisande på E-39 dersom Fv 43 er vinterstengd. I tidlegare omklassifiseringssaker der ein veg går frå fylkesveg til kommunalveg, har det blitt argumentert med at det har blitt bygd nye vegar som erstattar den gamle eller som vil redusere trafikken på den som blir nedklassifisert. Fylkesveg 651 blir oppklassifisert til E-39, og vil få ein vesentleg høgare trafikkbelastning. Det vil truleg føre til at trafikkbelastning på fylkesveg 43 vert større og ikkje mindre. Fylkesveg 43 vil i framtida fungere som ein tilførselsveg til europavegen for mange fastbuande og ikkje minst turistar som skal til og frå Hjørundfjord-området, heiter det i saksutgreiinga.