– Måling av bygg er ikkje med på vedlikehaldsplanen til kommunen, men no snur vi om på grunn av det som har skjedd i sentrum, sa rådmann Wenche Solheim før formannskapet samrøystes løyvde 400.000 kroner.
Det var mange blide politikar rundt bordet i denne saka.
Engasjement
– Det har vore eit fantastisk dugnadsengasajement i Ørsta siste vekene der mykje er gjort på kort tid. Og no skal også Mørerbilbygget rivast!
Paul Kristian Hovden (KrF) fungerte som ordførar på formannskapsmøtet tysdag der ei av sakene handla om ei ekstraløyving til opprusting i Ørsta sentrum. Bakgrunnen er dugnadsbølgja som er sett i gang med mål om eit penare sentrum.
Politikarane var samde om at det er på sin plass at kommunen også bidreg til å ruste opp eigne bygg.
– Dette er eit tiltak til rett tid, og vi vil medverke til å halde på den entusiasmen som er, og å hjelpe dugnadskorpset, sa Jostein O.Mo (Ap). Han meinte det er på sin plass med ei årleg løyving til slik opprusting.
– Det er stor trong for vedlikehald, difor bør vi få på plass ei årleg løyving, sa Mo som gav honnør til initiativet om ei omfordeling i budsjettet til fordel for ei opprusting av Kaihuset for ungdommen og Kunsthuset mellom Amfi og Ørsta Torg. Mo peika også på det viktige med at kommunen tek ansvar for eigne bygg.
Det var semje mellom politikarane om ekstraløyvinga, og at pengane skal gå til kommunen sine bygg.
Gunnar Knutsen (V) var begeistra:
Synergiar
– Denne saka er super. Ho gir kjempeviktige synergiar gjennom eit fellesskap for å få til ting. Det er veldig kjekt å følge med på prosessen. Det er mykje å ta tak i, og viktig med ei vidareføring av opprustinga, sa Knutsen.
– Ein må organisere det slik at pengane vert nytta slik at dei treff der dei skal, meinte Odd Magne Vinjevoll (Frp).
Det har skjedd mykje i Ørsta sentrum på kort tid når det gjeld opprusting. Snart skal Røed-huset ved Svendsengarden rivast. Det same skal skje med Mørebil-bygget etter at kommunen og interessegruppa for eigedomen i fellesskap har teke grep for dette.