Mange bustader vert lagt ut for sal, og det er ikkje mangel på kjøparar. Ei ny utvikling er at det også på bygdene er relativt lett å selje hus no. Også der er prisane gode. Dagleg leiar Jonny Kragset i Kragset Eigedomsmekling viser til eit døme i Barstadvik.

– Vi selde nyleg i Barstadvik eit småbruk som var taksert til 1.850 millionar for 2.250 mill. Og salet vart gjennomført dagen etter at småbruket vart lagt ut for sal på Finn.no, fortel Kragset.

– Det er såleis ikkje berre sentrum som får ringverknader av den gode utviklinga i regionen, konstaterer Kragset. Han viser også til bustadsal i Follestaddalen og i Liadal som har gått relativt raskt føre seg.

– Dette er også eit resultat av ein større bu- og arbeidsmarknad etter at dei nye vegsambanda vart etablert, der vi har fått ein ny storregion på 60.000 innbyggjarar. Folk kan i dag vere langt meir fleksible i høve der dei bur og arbeider. Folk har ein langt større marknad å velje i, og når det er langt enklare å pendle opnar det seg nye muligheiter og folk flyttar til stader som tidlegare ikkje var aktuelle, forklarar Kragset.

Kragset Eigedomsutvikling brukar i gjennomsnitt 20 dagar på å selje ei bueining i Ørsta frå eininga vert lagt ut på Finn.no til salet er gjennomført. Dette er langt raskare enn fylkes- og landsgjennomsnittet. Ikkje berre vert husa selde raskt, prisane er også gode og langt fleire sal vert gjennomført over enn under takst. I nokre tilfelle ligg salet ein god del over takst. Jonny Kragset viser til nokre døme frå Ørsta sentrumsområde:

Rekkjehus

– Vi selde nyleg eit rekkjehus på Vallabøen som var taksert til 1.690 mill. Rekkjehuset vart selt for 1.920 mill. I Haraldsgata selde vi ein einebustad som var taksert til 3,9 mill for 4.530 mill.

Kragset registrerer at det er ein god balanse i marknaden og at prisane er er gunstige for seljarane. No ligg kvadratmeterprisen for einebustader på kring 15.000 kroner og for leilegheiter ligg prisen på 25.000 per kvm.

– Prisen på einebustader har auka litt siste året medan leilegheitene har vorte noko rimelegare i vårt område som har utvikla seg betre enn landsgjennomsnittet. Årsaka er ny, utvida bu- og arbeidsmarknad, og betra vegsamband.