Samfunnsutvalet seier ja til søknaden frå Hovdebygda Soge- og Velferdslag om dispensasjon frå kommunedelplanen sin arealdel for oppsetting av ein gapahuk på Ytrehovdeåsen.
Utvalet ser på Ytrehovdeåsen som eit viktig nærfriluftslivsområde, og meiner at tiltaket vil vere positivt for friluftsinteressene i området, og ser fordelane med å gje dispensasjon som klart større enn ulempene.