Mathea Lø (Lødemel) frå Ørsta, vart for alvor kjent da ho deltok på tv programmet The Stream, våren 2016.

Da var ho 16 år. Frå tårevåt og overraskande audition, vart ho ein plateklar artist i juli 2017.

Mathea Lødemel skreiv då under ei platekontrakt med plate- og promoteringsselskapet Gygre i Ålesund.

Det var ikkje berre Gygre som hadde fått auga opp for henne.

Tommy Berre, låtskrivar og produsent tok også kontakt med henne.

Tommy Berre er Mathea sin faste produsent, og 8. mars kjem ho ut med sin 4. låt. «My Little Mistakes».

– Låta handlar om å føle seg åleine fordi man har små feil, man føler alle ser. Om å måtte dra på ei reise for å finne seg sjølv, heiter det i eit presseskriv.