Røde Kors merkar stor pågang på tilbod om vinterferie for familiar med svak økonomi, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
– Deltakarane våre er familiar som har hatt svak økonomi i mange år. Marginane var små frå før, men no går mange i minus kvar einaste månad. Når vi no ser at det kjem nye grupper til, fryktar vi at vi berre er i ei sped byrjing av ei sosial krise.
Det seier Pernille Lemming, leiar for landsråd omsorg i Røde Kors. Ho fortel at medan det før har vore Nav og helsesjukepleiarar som har meldt familiar på Røde Kors' vinterferietilbod, kjem det i år også mange søknader frå asylmottak, barnevern og krisesenter.
– Det er spesielt mange åleineforsørgjarar i år. Tidlegare har det vore ein stor del familiar med mange barn, no er det mange familiar med eitt eller to barn, seier ho.
I vinterferien har Røde Kors tilbod om gratis vinterferie for over 600 barn og føresette over heile landet. Nærare 100 frivillige er med på å arrangere feriane.
Det er offentlege instansar og hjelpeapparatet som melder inn behova for ferietilbod gjennom Røde Kors.
(©NPK)