Når vatn frå nedbør og snøsmelting ikkje sig ned i grunnen, renn det på overflata og kan skade bygningar og overflatestruktur. Dette overvatnet utgjer ein stor kostnad for samfunnet og kan i verste fall utgjere ein fare for liv og helse, skriv Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) i ei pressemelding.

Kostnadande ligg på mellom 1,6 til 3,6 milliardar kroner per år, og utan førebyggjande tiltak anslår dei at skadekostnadane vil doblast dei neste 40 åra.

– Heldigvis er det mykje vi kan gjere som ikkje kostar så mykje, men som likevel vil ha stor effekt. Av og til kan det vere så lett som å byte ut asfalt med grus, plen eller andre drenerande dekkjer som hjelper til med at vatnet blir infiltrert i grunnen, seier Per-Arne Horne, direktør i DiBK.

Nye krav om handtering av overvatn trer i kraft frå 1. januar 2024 og gjeld for heile landet så lenge der ikkje føreligg lokale kommunale avgjerder.

– Det nye regelverket vil i større grad sikre at nye byggjeprosjekt er tilpassa klimaet i framtida. Samstundes opnar vi for at kommunane sjølve kan lage eigne føresegner, basert på lokale forhold. Uansett vil dei nye reglane sørgje for at vi vil vere betre førebudde på eit våtare og villare vêr i framtida, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

(©NPK)