Kripos skriv i ei pressemelding at dei dei siste dagane har fått ei rekkje tips om at det blir sendt ut e-postar der nokon gir seg ut for å vere Kripos eller andre i politiet. Ifølgje e-posten skal mottakaren ha lasta ned overgrepsmateriale frå internett, og vedkommande får 72 timar på å svare til ei e-postadresse som ikkje går til politiet.

Kripos skriv at desse e-postane er svindelforsøk, og at dei bør slett utan vidare oppfølging.

– Det er fleire teikn på at denne e-posten ikkje er reell, som dårleg språk og ei e-postadresse som ikkje til politiet. I tillegg ville aldri politiet orientert nokon om eit mogleg lovbrot av denne typen på e-post, eller bede om sensitiv informasjon på denne måten, skriv Kripos.

Dei understrekar at dei har forståing for at det kan verke skremmande å få ein slik e-post, og at det er derfor dei går ut med åtvaringa.

(©NPK)