Mannen kom ikkje tilbake til campinghytta han leigde i Stryn sentrum etter ein fjelltur mellom Stryn og Loen fredag 10 mai. Siste livsteiknet frå han var gjennom ein snapchat fredag ettermiddag, teke frå mobiltelefonen hans.

Christoffer Ordahl fra Risør, busett i Arendal er sakna etter ein fjelltur mellom Stryn og Loen fredag 10. mai. Foto: privat

Det er gjennomført og pågår framleis ein omfattande leiteaksjon med mannskap både på bakken og i lufta, i håp om å finne den sakna 30-åringen.

– Politiet ønskjer tips og ber dei som måtte ha informasjon om den sakna mannen gje det til Stryn politistasjon på nummer 989 00 603, opplyser politioverbetjent Tor Egedahl.