– Ei vanleg innbuforsikring dekkjer bunaden når han heng i skapet heime, men ikkje om du er ute i syttandemaitog, dåp eller bryllaup og søler på han. Mange har uhellsdekning på innbu i dag, men han har ei sumavgrensing som ofte er lågare enn verdien på bunaden, seier produktsjef Øystein Øren i Frende Forsikring i ei pressemelding.

Han fortel at dei fleste bunader er forsikra med om lag 40.000 til 50.000 kroner, og reiseforsikringa er derfor ikkje nok til å dekka alt. Ho dekkjer heller ikkje uhell som du sjølv har skuld i, men det finst råd.

– Ei eiga bunadsforsikring eller verdigjenstandsforsikring dekkjer skadar, sjølv om du sjølv er årsaka, til dømes om du er litt uheldig med ketsjupen eller drikk litt for mykje og skadar han. Folk sparar gjerne lenge for å få råd til bunad og då er det dumt å ikkje kunna bruka han utan å vera bekymra for skadar.

Frende anbefaler i fyrste rekke å avgrensa alkoholinntaket som eit godt råd for å unngå at bunaden skal ta skade. Pølse og is høyrer dagen til, men Frende skriv at det kan vera lurt unngå det midt i store folkemengder. Matsøl er ei av dei vanlegaste bunadsskadane. Også skarpe murkantar og hyrne kan utgjera ein risiko for bunaden som kan rivna om han kjem borti.

Her er nokre bunadstips frå Husfliden i Bergen:

* Luft bunaden godt etter bruk. Turk av med ein fuktig klut om det er overflateflekker på stakken eller vesten.

* Lever bunaden til reins ved behov.

* Vask bunaden for hand. Bruk vaskemiddel som er spesielt laga for det føremålet. Skyl skjorta fem til seks gonger etter vask.

* Får du ein flekk på ei kvit skjorte er det å legga henne i bløyt i iskaldt vatn i 24 timar eit undervurdert kjerringråd.

* Oppbevar bunaden og skjorta luftig og turt i ein bomullspose.

* Putt sedertrekuler i klesskapet eller bunaden. Møll skyr lukta. Me folk kjenner inga lukt.

Viss du skal reisa med bunaden din, pakk han i ein bunadspose og ta han med som handbagasje. Dette gjeld også sylvet.

(©NPK)