Alexander Riise Olsen (Ap) las ei lita førjulshelsing frå kommunestyret, der dei uttrykte ønske om Aam snart vert frisk, - men også at han må bruke tida på å kvile seg og kome i form igjen.

Deretter overrekte fungerande ordførar Karen Høydal blomar til Aam, og fekk klem som takk.

Ordførar Stein Aam er inntil vidare 80 prosent sjukmeld etter kreft-operasjon i november.

Aam var på kommunestyre-møtet som publikummar, og innrømma at det var hardt å ikkje kunne ta ordet. Men takke for helsing og blomar kunne og gjorde han, sjølvsagt - og la til:

– Eg har eit brennande engasjement for samfunnet, og for Ørsta spesielt. Så difor møtte eg opp her i dag. Eg les jo saksdokumenta – ja, til og med utover natta! … Og så har eg også lyst til å seie at eg nettopp har fått svært gode signal frå legen, så dette kjem til å gå bra! God jul!