Eit ras ved Osdalsvatnet stengde vegen mellom Kalvatn og Osdalen i Volda.

Politiet skriv på Twitter ved midnatt: «FV5794 i Volda er stengt etter eit snøskred har gått over vegen langs vatnet. Ingen skal ha vore i området då skredet gjekk, i følge vitne.»

Vegen vart opna att ved 1330-tida.