Kvart år delar ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune ut 250 000 kroner til utstyr eller aktivitetar for ungdom. Av 59 søkarar på ungdomsmidlane, kom åtte prosjekt seg gjennom nålauget.

– Dei to søknadane frå Volda og Fjord med store, opne arrangement for ungdom var veldig bra, seier Ola Orset som er medlem av ungdomspanelet.

Blant dei åtte heldige utvalde, var både Ørsta og Volda representert.

Ifrå Ørsta fekk Vartdalsstranda generasjonskorps 15 000 kroner til eit rekrutteringstiltak for ungdom mellom 13–19 år.

Ung i Volda fekk mest av alle saman, 25 000 kroner skal gå til ein ungdomsfestival for ungdom i og rundt Volda.

Ungdomsmidlane går til prosjekt som bidrar til engasjement og aktivitetar blant ungdom. For å få støtte, må prosjekta kunne samle ungdom, vere opne for alle og gi positive effektar over tid.

Det går an å søke om støtte både til utstyr og til arrangement.