Det var for eitt år sidan partane sist var i retten. Då var det ei eiga skjønsnemnd som handsama saka.

Konklusjonen frå skjønsnemnda var at Volda kommune skal betale Ørsta kommune 44 millionar kroner i erstatning. Erstatninga skal betalast over åtte år frå 2020 til 2027.

Ørsta kommune kravde i forhandlingane då 180 millionar kroner over femten år i tillegg til fem år med gradvis nedtrapping. Subsidiært ville Ørsta kommune ha ein eingongssum på 110 millionar. Volda kommune meinte på si side under forhandlingane i skjønnsnemnda at inntektstapet til Ørsta kommune ikkje er vesentleg. Kommunen vil ikkje betale erstatning til Ørsta kommune.

Frå Ørsta si side er tapet av inntekter frå konsesjonskraft frå Tussa-kraftverket det vesentlege momentet i kravet om erstatning.

Resultatet i skjønsnemnda vart påanka av begge partar. På ettersommaren i 2022 vart det gort ein framstøyt frå overskjønsnemnda om det var grunnlag for forlik. Det var det ikkje. Dermed er det nok ein gong klart for at partane møtest andlet til andlet i retten.