Etter andre inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal har alle søkarar med ungdomsrett no fått tilbod om skoleplass.

– Heile 91 prosent har fått tilbod om førsteønsket sitt. Det er litt fleire enn fjoråret, det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune på sine heimesider.

– Totalt har 9055 søkarar fått tilbod om skoleplass. 8875 av søkarane har ungdomsrett, og av desse har i gjennomsnitt 91 prosent fått tilbod om utdanningsprogrammet dei ønsker. Søkarar som står på venteliste, kan få tilbod om ledige skoleplassar fram mot skolestart. Skolane vil då ta direkte kontakt med søkarane, så det er viktig at søkarane er ekstra merksame når dei blir ringt opp frå ukjente nummer, seier Cecilie Buaas i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen har utarbeidd ei oversikt over skular og programområde som framleis har ledige plassar etter andre inntak. Verken Volda vidaregåande skule eller Ørsta vidaregåande skule er oppført i lista og har ikkje ledige plassar.