Framstegspartiet meiner det er Stortinget som bør avgjere kommunestrukturen i Noreg. Dermed opnar dei for kommunesamanslåing gjennom tvang. Lokalt er politikarane splitta i spørsmålet.

– Dette er ei sak som det har vore stor usemje om i partiet, stadfestar Hans Olav Myklebust, som er leiar for Ørsta Frp.

– Det vekkjer naturleg nok stort engasjement. Personleg er eg ikkje tilhengjar av noko form for tvang, heller ikkje når det gjeld kommunesamanslåing, seier han.

Stemte ja

Jon Georg Dale er gruppeleiar for Volda Frp. Han deltok på landsmøtet som vart halde i helga, og han fortel at han var ein av dei som stemte ja.

– Vi opnar for bruk av det som andre kallar tvang. Eg meiner at det vi opnar for er at Stortinget får høve til å teikne kommunekartet på nytt. Det er stort behov for større fagmiljø i ei rekkje norske kommunar, og det ser vi særleg etter at samhandlingsreforma vart innført. Vi har venta lenge nok på at kommunesektoren sjølve skal ta nødvendig initiativ for samanslåing. Ingenting har skjedd, og då må Stortinget ta det ansvaret, seier Dale.

Vil fjerne statleg tilskot

Dei to ønskjer det same resultatet – færre og større kommunar, men er usamde i framgangsmåten.

– Det er andre måtar å stimulere til kommunesamanslåing på enn gjennom tvang, meiner Myklebust.

Han viser mellom anna til det statlege tilskotet som dei minste kommunane får. Dersom dette vert fjerna, vert dei små kommunane nøydde til å sjå seg rundt etter ein samarbeidspartnar.

– Små kommunar vert lønna for å vere små. Om vi tek vekk denne belønninga vil det gi naturlege samanslåingar der kommunane sjølve får kontrollere prosessen.

Dale er samd i at det ekstra tilskotet til små kommunar må vekk, men han trur ikkje dette vil vere nok.

– Vi må ta grep. Kommunestrukturen i dag er delvis basert på gamle samferdselsløysingar. Ny infrastruktur bygg regionane saman. Det vil vere naturleg å sjå på samanslåing av fleire kommunar enn berre to og tre. Det er større grunnlag for å lykkast med dette når avgjerdene vert tekne på nasjonalt nivå. Det er avgjerande å ikkje sjå seg blind på fylkesgrensene.

Fylkeskommunen overflødig

Større kommunar kan også få større ansvar, og dermed vert fylkeskommunen overflødig, og med det vil også fleire tusen folkevalde miste plassen på fylkestinga, landet over.

– Men fylkestinget har beskjedne oppgåver. I hovudsak er det snakk om tannhelseteneste og fylkesvegar. Dette kan fordelast mellom kommunane og staten. Kommunane er fullt kapable til å styre med slike oppgåver dersom dei får tilstrekkeleg med midlar. Fylkeskommunen stel uhorveleg med ressursar i dag, seier Dale.

HansOlav Myklebust er samd.

– Det vil vere ein naturleg prosess når kommunane vert større, at fylkeskommunen forsvinn. Det aller viktigaste er innhaldet i tenestene til innbyggjarane, uavhengig av kommunegrensene. Det må vere det viktigaste. Så får vi sjå til Volda, eller til Søre eller til Sunnmøre.

Jon Georg Dale meiner at det med dagens forvaltningsmodell, vert uforholdsmessig mykje byråkrati.

– Med ein effektiv og moderne kommunestruktur vil Noreg spare to milliardar kroner årleg. Du får alvorleg mykje velferd for dei pengane, seier Dale.

Også Høgre har vedteke at fylkeskommunen bør verte lagt ned, og at det skal verte gjennomført ei såkalla demokratireform