Standal Knuseverk AS skipa fredag ut ein av sine største enkeltlastar i firmaet si historie.

Det var båten M/S Falkland som reiste frå Store-Standal med 3.500 tonn sand og singel. Båten frakta lasta til Unicon AS i Trondheim.

Utskipinga var frå den nye kaia på Store-Standal.

– Dette er ei sterk påminning til oss at kaiinvesteringa som vi gjorde i 2012 var heilt nødvendig og framtidsretta. Utan ny kai hadde Standal Knuseverk AS vorte utkonkurrert, fortel Hildegunn Nautvik i selskapet.

– Båtane vert større og større for kvart år, og som miljøprisvinnar i 2013 i Møre og Romsdal er dette eit av kriteria. Det er veldig miljøvennleg å få opp tonnasjen på båtane, seier Nautvik.