– Han kjem til å trenge all den lokale støtta han kan få, seier presseansvarleg for Idol, Bjarne Laastad.

Med 40 finalistar fordelt på fem einskilde puljer, er fire av årets finaledeltakarar allereie kåra.

Etter to semifinalar står det att seks plassar, og fredag skal tv-sjåarane stemme på kven som vert dei to nyaste songfuglane i det gjævaste finaleselskapet.

No har Hallgrim sjansen, og den tenker han å gripe.

– Skal nytte mulegheita

– Eg håper alle følgjer med og heiar, så skal eg gjere mitt beste, seier han.

Hallgrim løyner ikkje at nivået er høgt, og sjølv om han innrømmer at nervane byrjar å snike seg på, er det like mykje glede som gru i den kjemiske kjenslemiksen hans.

– Eg tenkjer berre på å nytte mulegheita best muleg, og syngje så godt eg kan, seier han.

– Kan nervøsiteten gjere deg ekstra skarp i tevlinga?

– Tja, det kan no slå begge vegar, men eg har ikkje vore så mykje plaga med nervar før, så vi får sjå korleis eg reagerer på det.

Hallgrim tykkjer sjølv at det er dei beste kandidatane som har kome vidare i tevlinga til no, så han stolar på at folket si avgjersle er den rette.

Herleg gjeng

Sjølv drog han til Oslo i dag (onsdag), og har berre helst så vidt på dei andre semifinalistane. Inntrykket er likevel godt, og han seier det verkar som ein herleg gjeng.

– Korleis buar du deg no dei siste to dagane før finalen?

– Det vert mellom anna øving med pianist, band og songpedagog. I tillegg er det viktig å slappe godt av slik at ein ikkje slit seg ut.

Melding til ørstingane

Skal ein tru Nybø sjølv, er han meir enn klar for å synge seg inn i hjarta til sjåarane.

– Har du ei melding til folket i heimbygda?

– Ja, eg vil berre oppfordre alle til å følgje med og stemme på meg. Eg har allereie merka mykje støtte frå Ørsta, og det er svært gledeleg!  seier semifinalisten.

Fredag kl. 22.15 er stemminga over, og då veit vi om «ørsting» vert ein ingrediens i årets Idol-finale eller ikkje.