Det er i dag skattekontor i Ulstein og i Volda. For tida jobbar Skatteetaten med framtidig struktur, og administrasjonen i Volda er kjent med at Skatt Midt-Norge ser på organiseringa av tenestene, mellom anna på Søre Sunnmøre.

– Tradisjonelt har regionen vore delt ved at det på ytre Søre Sunnmøre er eit sterkt maritimt miljø og næringslivsmijø. På indre Søre Sunnmøre er mykje av arbeidslivet kompetansearbeidsplassar inn mot offentleg sektor, seier rådmann Rune Sjurgard i sakspapira.

Kontor i Volda

I tilrådinga oppmodar administrasjonen politikarane om å be Skatt Midt-Norge legge vekt på den fordelinga som er med eit sterkt næringsliv på ytre Søre Sunnmøre, og med sterke offentlege tenester på indre Søre Sunnmøre i arbeidet med framtidig organisering av tenestene. Kommunen vil be om at dersom vurderinga er at det vert eit kontor på Søre Sunnmøre for framtida, vert dette plassert i Volda.

Ørsta kommunestyre har gjort eit likelydande vedtak. Formannskapet i Volda skal handsame saka i møte 18. februar.