Dette oppgjeret for grunnen er eit resultat av at grunneigarane på Mosflata i 2013 selde arealet som er regulert til industriområde. Det skjedde etter at det vart bestemt at arealet skulle løysast inn. I dei fyrste ti åra etter at kommunen fekk hand om arealet, baserte disponeringa seg på festeavtalar.

Det har vorte halde skjøn i tingretten og overskjøn i lagmannsretten om prisen på arealet, og det er fastsett ein tomtepris på 260 kroner kvm.

i samband med dette, kjøper altså Mosflata Industribygg AS også tomta til fabrikken som Fora Form disponerer. Prisen for arealet på 18.534 kvm vert 4,81 millionar kroner. I tillegg kjem tinglysingskostnad og oppmålingskostnader, slik at totalsummen vert 4.962.586 kroner. Frå før har Mosflata Industribygg AS allereie betalt for tekniske anlegg. Her er prisen 132 kroner per kvadratmeter.

Mosflata Industribygg AS er eigd av Fora Form AS og personar tilknytt StokkeGruppen AS.