Til Sunnmørsposten seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad at hendinga fann stad ute i Volda sentrum, rundt klokka 01.00.

– Dørvakter ved utestaden Rokken skal då ha sett og høyrt ting som gjorde at dei fatta mistanke om at noko gale var i ferd med å skje, seier ho til Sunnmørsposten.

Dørvaktene greip difor inn og tok hand om mannen som no er sikta, til politiet kom til staden.

– Ved å vere så årvakne har dei truleg hindra dette i å utvikle seg, seier ho.

Politiet etterforskar saka. Kvinne er også i 20-åra. Ho vart teken hand om av helsepersonell og politi, og etter kvart frakta til overgrepsmottaket i Ålesund.