– No er det gjort årsmøtevedtak på at vi får lån, og årsmøtet har sagt ja til kunstgras, seier Øyvind Taklo i kunstgrasnemnda.

Gjennom fleire år har det vorte arbeidd med å få kunstgrasbane på Sæbø stadion. Det har vorte sett ned ei eiga nemnd som har jobba med planane, og det har også vorte selt partsbrev i kunstgrasbana. No ligg alt til rette for at bana kjem på plass neste år.

– Byggjestart vert i 2015. Arbeidet med å skaffe middel har starta, og vi har eitt år på oss til å få inn meir middel. Kostnadsramma på kunstgrasbana er på 3. 150. 000 kroner. Vi har fått litt pengar med bankane, men vi jobbar med å få inn meir.

Det vert full storleik på kunstgrasbana, som skal byggjast der grusbana ligg i dag, og for å få plass må det takast vekk litt av grasbana.

– Neste år vil Sæbø stadion verte kunstgrasbane. Vi i nemnda er veldig glade for vedtaket som vart gjort, og vi håper dette vert ein positiv ting for Sæbø. Klubbhuset har vorte pussa opp og no står bana for tur, seier Taklo.