– Kommunen prøvde både i 2005, og til det siste no, å vere så smidige som råd for å gjere ein vanskeleg situasjon minst mogleg vanskeleg for Harry Moe og pårørande, for kommunen med både tilsette og politikarar, og for alle saman. Det har vore gjennomgåande heile vegen at vi skulle behandle saka på skikkeleg måte, og Moe på ein skikkeleg måte. Det har vi gjort heilt til det siste, seier Hovde.

– Tek dommen til etterretning

No tek Ørsta kommune dommen til etterretning, og om saka skal ankast må først handsamast i formannskapet og truleg også i kommunestyret.

– Det er beklageleg at retten seier at dette formelt ikkje held til å vurdere om det er ein avtale eller ikkje. Det kan vi ikkje gjere noko anna med enn å ta det til etterretning, inntil vi har bestemt oss for om vi skal anke eller ikkje.

– Om kommunen hadde vunne saka så hadde det ikkje vorte feiring med blautkake på rådhuset. Saka ville ikkje vore løyst uansett, men då kunne vi ha gjort det den vegen vi har gjort det. Vi har prøvd så langt som råd å utøve menneskeleg omsyn i ei vanskeleg sak, men det vi meinte var ein avtale om korleis vi skulle gå vidare heldt ikkje, meiner tingrett.

– Framleis behov for arealet

Hovde seier også at det framleis er behov for arealet, og konsekvensen kan vere at det vert sett i gang ei oreigningssak.

– Det har lege i korta heile tida, og det er ikkje snakk om at vi plutseleg ikkje har behov for vegen.