I løpet av dei siste fire åra har mengda dåpshandlingar gått mykje tilbake i Noreg. Ein fersk dåpsstatistikk viser at nedgangen har vore markert også her lokalt, og spesielt i Volda.

Mengda dåpshandlingar har blitt redusert med så mykje som ti prosent i Noreg i perioden frå 2008 og fram til i fjor. Det er ein oppsiktsvekkjande stor nedgang. Ifølgje kyrkjetala hos Statistisk sentralbyrå har det i same periode blitt to prosent færre dåpshandlingar i Ørsta, mens det har vore ein reduksjon på heile 39 prosent i Volda.

– Er uroleg

Paul Erik Wirgenes er direktør i Avdeling for kyrkjelydsutvikling i Kirkerådet. Han seier til Møre-Nytt at utviklinga i dåpstala gir grunn til uro, og at kyrkja vier utviklinga stor merksemd.

– Det er fleire utviklingstrekk som ligg bak desse tala. Innvandring har medført at ein aukande del av nyfødde i Noreg har annan etnisk bakgrunn. Mange nybakte foreldre kjem frå ein annan religiøs bakgrunn enn dei kristne, mens kristne innvandrarar høyrer i hovudsak til i andre kyrkjesamfunn, forklarer han.

Mengda dåp i Ørsta

I løpet av fjoråret blei det gjennomført 137 dåpshandlingar i Ørsta kommune. Samanlikna med 2008, så er dette ein ubetydeleg nedgang, då det for fem år sidan var 139 dåpshandlingar i kyrkja i Ørsta. I Volda kommune ser vi at det blei døypt 62 barn i fjor, noko som er ein markant nedgang frå 101 i 2008.

Wirgenes seier likevel at delen som døyper barna sine er stabilt og høge hos kyrkjemedlemer. Han fortel at omkring 85 prosent av kyrkja sine medlemer vel at barnet deira skal bli døypt.

I forhold til fødde

Delen døypte i forhold til mengda fødde var i fjor på 64 prosent i Noreg, mot 66 prosent i 2011. Denne delen har gått nedover kvart år sidan 2008. I Ørsta kommune ser vi også at delen har gått nedover. I fjor blei 106 prosent av mengda fødde i Ørsta døypt. Tilbake i 2008 så var delen oppe i 115 prosent. Så det er heilt tydeleg at nedgangen også gjeld for Ørsta.

Ein må ha i minne at mange kommunar ofte har populære kyrkjer. Det gjer seg utslag i at mange vel å døype barnet her, sjølv om den er plassert i ein annan kommune enn der ein bur. På statistikken vil ein sjå dette i form av at delen er på over hundre prosent av mengda fødde, som til dømes i Ørsta. Sjølve utviklinga vil like fullt vere reell også her. På den anna side kan vi lese at berre 29 prosent av mengda fødde i Oslo blei døypt i kyrkjene der.

Jamnar seg ut

I Volda kommune finn vi at 76,5 prosent av mengda fødde blei døypt i fjor. For fem år sidan var delen på 89 prosent.

Sidan det alltid går nokre månader frå fødsel til dåp, så vil delen aldri bli heilt nøyaktig. Men det jamnar jo seg ut i andre enden av tolvmånadersperioden.

– Viktig med info

Pila har altså peikt nedover i Noreg, og Wirgenes trur det blir viktig med synlegheit og informasjon i åra framover for å snu trenden.

– Framover vil det vere viktig for kyrkja å gi god informasjon om kva dåp er, og gi gode grunnar for kvifor foreldre bør døype barna sine. Det er for mange foreldre ikkje lenger ei sjølvfølgje at barnet deira blir døypt. For kyrkja er det viktig å gi god informasjon for desse spennande samtalane, seier han.