Det gjeld 66 kV-lina mellom Haugen og Ørsta transformatorstasjon, mellom Sporstøl og Ørsta transformatorstasjon, og mellom Ose og Ryste transformatorstasjon.

Vidare skal Ryste transformatorstasjon oppgraderast frå 66 kV til 132 kV spenning.

Det er Mørenett AS som søkjer om omlegginga og søknaden har vore ute på høyring.

Ørsta kommune har ikkje hatt tid til å handsame søknaden politisk, men administrativt ser kommunen positivt på søknaden.

– Løysinga opnar for tosidig innmating, og dermed auka forsyningssikkerheit, kommenterer avdelingssjef Gunnar Wangen overfor NVE i eit Ørsta si høyringsfråsegn.

Når det gjeld Ryste transformatorstasjon, gjeld søknaden utviding av arealet og naudsynt omlegging av tilkomstvegen.

– Kommunen vil peike på at kraftlina inn mot transformatorstasjonen både i aust og vest ligg nær eksisterande og planlagde bustadfelt. Vi saknar ei vurdering av om endringane i nettstrukturen vil påverke magnetfelt/strålingsnivå frå kraftlina, heiter det i fråsegna frå Ørsta kommune.