Ørsta rådhus er ikkje godkjent i samsvar med brannvernføresegnene. Ei tidlegare påpeiking av dette, er heller ikkje følgt opp.

Det viser det siste brannverntilsynet som er gjort av Ørsta rådhus. Det var den 2. juli i år at det vart gjort tilsyn, og det vart utført av Hege Leite frå Ørsta brannvern.

Tilsynet siver at bygningen ikkje er i samsvar med gjeldande lover og føresegner. Dette vart også påpeika ved førre tilsyn den 12. desember i 2011.

Krev plan for utbetring

No krev branntilsynet at det vert utarbeidd ein handlingsplan med tidsfristar som syner når dei påpeikte manglane skal utbetrast slik at tryggleiken på rådhuset vert tilfredsstillande.

I tillegg til å peike at sjølve bygningsmassen ikkje stettar krava til branntryggleik, vart det også under tilsynet påpeikt at anna branndokumentasjon ikkje vart lagt fram. Årsaka er at rådhuset har fått ny brannvernleiar, og at vedkomande enno ikkje har fått overlevert branndokumentasjonen som tidlegare er utarbeidd, med unnatak av brannteknisk risikovurdering og brannteknisk prosjekteringsgrunnlag. Den nye brannvernleiaren var heller ikkje kjend med kvar denne dokumentasjonen som vart etterlyst, er.

I branntilsynet vert det oppsummert at dette var ein stikkprøvekontroll, og at avvika ikkje er utfyllande.

– Eigaren av brannobjektet eller deler av dette, har plikt til å syte for at brannobjektet (rådhuset red. merk) er bygt, utstyrt og halde ved like i samsvar med gjeldande lover om førebygging av brann, heiter det i rapporten etter tilsynet.

Rådmannen får no krav på seg om innan 1. september å sende ein framdriftsplan for oppretting av dei manglane som er påpeikt.